Fag: | Geografi, naturfag, norsk, samfunnskunnskap |
Klassetrinn: | Videregående |
Tid: | 60-90 minutter |
Aktivitet: | Tankekart, diskusjon og film |
1. Kva er dei viktigaste utfordringane i verda?
Elevane setjast saman to og to med eit A3-ark framfor seg kor dei skriv «Verda sine største utfordringar» i ein firkant midt på arket.
- Elevane får eitt minutt til å skrive ned stikkord på arket kvar for seg.
- Para får fem minutt på å presentere eigne synspunkt, stille spørsmål og diskutere med kvarandre.
- Elevane presenterer den andre sine synspunkt gjennom øvinga «Kva sa samtalepartnaren din?». Maks eitt minutt per person.
2. Viss du berre hadde tre mål
Vis oversikta over berekraftsmåla på smartboard/prosjektor, eller skriv ut berekraftsmåla (pdf-en under "Ressursar") og gje det til kvar av elevane.
Kva tre mål synest dei er viktigast? Gje dei nokre minutt til å velje seg ut «sine» tre mål. Minn dei på dei tre delane av berekraftig utvikling (økonomi, sosiale forhold og klima/miljø) og oppfordre dei til å velje ein kombinasjon som ivaretar dei tre. For elevane som synest det er vanskeleg å velje: begynn med å stryke ut måla dei meiner er minst viktige, heilt til dei sit igjen med tre mål.
Be elevane notere ned argument for kvifor dei har valt akkurat desse tre måla.
Lærar lagar ei oversikt som viser kva tre mål flest elevar i klassen har valt.
Diskuter:
- Kvifor valde du dine tre mål?
- Var det nokre mål du stussa over?
- Kvifor har dei tre måla fått flest «stemmer» av klassen?
- Kva effekt vil det ha på vårt samfunn at desse tre måla blir nådd?
- Er det lettare å nå eit anna mål dersom det eine målet blir nådd?
- Kva med måla som hadde lågast oppslutning? Kvifor meiner de at desse ikkje er like viktige?
- Kva blir konsekvensen viss desse måla ikkje blir ivaretatt?
3. Sjå film
Sjå filmen «Menneskerettigheter og bærekraftig utvikling» (1:20 min):
4. Menneskerettane
Filmen seier at vi er nøydd til å respektere menneskerettane for å oppnå berekraftsmåla. Les gjennom dei 30 artiklane som forklarer alle menneske sine rettar ifølgje FNs fråsegn om menneskerettar. Er det nokre av menneskerettane som kan bidra til å nå dei tre berekraftsmåla du valde? Viss ja, kva?
Kompetansemål
Kompetansemål for «Hvis du bare hadde tre må»
Tverrfaglige tema: Bærekraftig utvikling
Geografi
Kjerneelement: Utforsking og geografiske metodar, Naturgitt og menneskeskapt rom, Berekraftig utvikling og globalisering
Kompetansemål etter Vg1/Vg2 SF:
- reflektere over eigen ressursbruk og ressursbruken i Noreg i eit globalt og berekraftig perspektiv
- utforske kva endringar i klimaet har å seie for natur og samfunn lokalt, regionalt eller globalt
- utforske og gjere greie for årsakene til ein aktuell natur- eller miljøkatastrofe og konsekvensar for menneske, samfunn og natur
- gjere greie for årsaker til demografiske endringar og drøfte ulike levekår i forskjellige delar av verda
Naturfag
Kjerneelementer: Jorda og livet på jorda
Kompetansemål etter Vg1 SF:
- gjøre rede for hvordan klimaendringer påvirker evolusjon, utbredelse av arter og biologisk mangfold
Norsk
Kjerneelementer: Kritisk tilnærming til tekst, Muntlig kommunikasjon
Kompetansemål etter Vg1 SF:
- lytte til andre, bygge opp saklig argumentasjon og bruke retoriske appellformer i diskusjoner )
- greie ut om og drøfte norskfaglige eller tverrfaglige temaer muntlig
Samfunnskunnskap
Kjerneelementer: Undring og utforsking, Perspektivmangfald og samfunnskritisk tenking, Medborgarskap og berekraftig utvikling
Kompetansemål etter Vg1/Vg2:
- vurdere korleis utøving av makt påverkar enkeltpersonar og samfunn
- gjere greie for grunnlaget for menneskerettane og utforske og gi døme på brot på menneskerettane nasjonalt eller globalt
- drøfte samanhengen mellom økonomisk vekst, levestandard og livskvalitet i eit globalt og berekraftig perspektiv