Meir enn halvparten av verda si befolkning bur i dag i byar, og andelen kjem truleg til å auke til 60 prosent i 2030. Byane fungerer som møteplassar for handel, kultur, innovasjon og sosial samhandling. Samstundes står byane for 75 prosent av alle klimagassutslepp og slumområde hindrar gode levekår.

På sitt beste sørgjer byar for at menneske kan leve gode liv og utvikle seg økonomisk og sosialt. På den andre sida veks mange byar fortare enn tilbodet av arbeidsplassar og bustader. Dette fører til utvikling av slumområde med dårlege buforhold og manglande tenester. Vi må lage berekraftige byar som gjer tilgang til grunnleggande tenester som energi, bustader og transport. Vi må få på plass god nok avfallshandtering, redusere forureinsning og ikkje sløse med ressursane.

Klikk på eit delmål for å lese meir om det under

  • Delmål 11.1)

    Innan 2030 sikre at alle har tilgang til tilfredsstillande og trygge bustader og grunnleggjande tenester til ein overkomeleg pris, og betre forholda i slumområde

  • Delmål 11.2)

    Innan 2030 sørgje for at alle har tilgang til trygge, tilgjengelege og berekraftige transportsystem til ein overkomeleg pris og betre   tryggleiken på vegane, særleg ved å leggje til rette for kollektivtransport og med særleg vekt på behova til personar i utsette situasjonar, kvinner, barn, personar med nedsett funksjonsevne og eldre

  • Delmål 11.3)

    Innan 2030 styrkje inkluderande og berekraftig urbanisering og leggje til rette for deltakande, integrert og berekraftig samfunnsplanlegging og forvaltning i alle land

  • Delmål 11.4)

    Styrkje innsatsen for å verne om og sikre kultur- og naturarven i verda

  • Delmål 11.5)

    Innan 2030 oppnå ein vesentleg reduksjon i talet på dødsfall og talet på personar som blir ramma av katastrofar, inkludert vassrelaterte katastrofar, og i vesentleg grad minske dei direkte økonomiske tapa i det samla bruttonasjonalproduktet i verda som følgje av slike katastrofar, med vekt på vern av fattige og personar i utsette situasjonar

  • Delmål 11.6)

    Innan 2030 redusere negativ påverknad på miljøet frå byar og lokalsamfunn (målt per innbyggjar), med særleg vekt på luftkvalitet og avfallshandtering i offentleg eller privat regi

  • Delmål 11.7)

    Innan 2030 sørgje for at alle, særleg kvinner og barn, eldre og personar med nedsett funksjonsevne, har tilgang til trygge, inkluderande og tilgjengelege grøntområde og offentlege rom

  • Delmål 11.a)

    Støtte positive økonomiske, sosiale og miljømessige samband mellom byområde, omland og spreiddbygde område ved å styrkje nasjonale og regionale planar

  • Delmål 11.b)

    Innan 2020 oppnå ein vesentleg auke i talet på byar og lokalsamfunn som vedtek ein integrert politikk og gjennomfører planar med sikte på inkludering, betre ressursbruk, avgrensing av og tilpassing til klimaendringar og evne til å stå imot og handtere katastrofar, og dessutan utvikle og setje i verk eit heilskapleg system for risikostyring og katastrofehandtering på alle nivå, i tråd med Sendai-rammeverket for katastrofeberedskap for 2015–2030

  • Delmål 11.c)

    Støtte dei minst utvikla landa i å føre opp berekraftige og solide bygg ved bruk av lokale materiale, mellom anna gjennom økonomisk og fagleg støtte

Korleis ligg verda an?

I dag bur litt over halvparten av verda si befolkning (52,6 prosent) i byar, og urbaniseringa vil halde fram. I 2030 vil 60,4 prosent bu i byar. Urbaniseringa skjer over heile verda, men 96 prosent av den urbane veksten vil skje i Aust- og Sør-Asia og Afrika.

Kjelde: World Cities Report 2020

  • Berre halvparten av dei som bur i byar har tilgang til offentleg transport i nærleiken av der dei bur, det vil sei maksimum 500-1000 meter gåavstand.
  • Totalt 156 land har planar for byutvikling, men berre halvparten av dei har gått frå teiknebrettet til iverksetjingsfasen.
  • I gjennomsnitt utgjer opne plassar og vegar 16 prosent av byane sitt areal, men FNs busetjingsprogram anbefaler at 30 prosent skal vera vegar pluss 10-15 prosent opne, offentlege område.

Byane har vore episentre for koronapandemien med 90 prosent av smittetilfella. Ulikskap har gjort at folk har blitt ramma svært forskjellig av pandemien. Behova til dei som bur i slumområde og låginntektshushaldningar har ofte blitt oversett, og mange fattige har fått det verre under pandemien. Ein milliard menneske, eller 24 prosent av verda si urbane befolkning, bur i slumområde, og dei fleste av dei bur i Asia og Afrika sør for Sahara.

Kjelde: FNs berekraftsmålsrapport (2021) og Generalsekretærens rapport om COVID-19 i byar (2020)

Kva gjer Norge?

Kva gjer Norge bra?

I Norge bur rundt 80 prosent av befolkninga i byar og tettstadar, og dei fleste har tilgang til vatn, vegar, tenester, energi og søppelhandtering. Det er svært få heimlause, og dei fleste opplever byane sine som trygge. Norge har mindre luftforureining enn mange andre europeiske byar, og i 2020 var 50 prosent av alle nye bilar som blei kjøpt elektriske.

Kva gjer Norge ikkje så bra?

Norge må jobbe med å lage god nok infrastruktur inn til dei byane som veks, og sørgje for at fleire har råd til å bu i byane. Investeringar i kollektivtransport og betre regulering av bustad- og leigemarknaden er nødvendig.

Vi må og jobbe med å betre luftkvaliteten enkelte stader, og ta betre vare på naturen. Ifølgje ikkje-statlege organisasjonar manglar Norge ein heilskapleg strategi for å oppnå mål 11. Kommunane har fått mange oppgåver utan finansiering eller tydelege retningslinjer. Det har ofte ført til øydelegging av miljøet.

Kva gjer Norge internasjonalt?

Internasjonalt støttar Norge FNs busettingsprogram (UN-habitat) som jobbar med byar og lokalsamfunn for å få til ei berekraftig utvikling på desse områda. Norge har og slutta seg til «the New Urban Agenda», eit FN-initiativ for å styrke byar si evne til å bli meir berekraftige.

Kjelde: Norges statusrapport om bærekraftsmålene (2021)

Det er Kommunal- og moderniseringsdepartemetet som har ansvaret for å koordinere arbeidet med målet i Norge.

Les kva regjeringa seier Norge må gjere for å oppnå berekraftsmål nummer 11

Ein familie køyrer motorsykkel i Phnom Penh. Foto: Karen, Flickr

Kva kan du gjere?

Ta vare på dei grøne lungene rundt deg

Gjer det du kan for å bevare grøne lunger i nærområde ditt. Ver advokat for insekta og fuglane, og forsvar parkområde, naturleg skog og ville blomar og natur. Naturleg vegetasjon og blomar er viktig for bier og humler si evne til overleving.

Engasjer deg i lokalsamfunnet

Støtt organisasjonane og foreiningane som tar til orde for ei auking i plassar der menneske kan møtes, betre offentleg transport, resirkuleringssystem og tilgang til offentlege tenester.

Gå, sykle eller ta kollektiv transport

Prøv å gå, sykle eller ta offentleg transport så mykje du kan i staden for å køyre. I staden for å eige din eigen bil, kan du nytte delebilordning og låne bil når du treng det.

Et, dyrk og handle lokalt

Invester i nærmiljøet ditt ved å støtte lokale butikkar, restaurantar og andre tenester. Ved å handle lokalprodusert mat i sesong, bidrar du og til å ete meir berekraftig. Du kan og vere med i ein parsellhage i byen der du bur, der du kan dyrke grønsaker saman med andre.

Ver ein god nabo

Bli kjent med dei som bur rundt deg, delta i dugnadar, del på det du har og skap eit godt lokalsamfunn. Naboar som hjelper kvarandre med stort og smått, skapar eit tryggare, meir hyggeleg og meir inkluderande bumiljø for alle.

Organiser deg

Å omstille samfunnet vårt til å bli berekraftig krev større endringar enn at du og eg som forbrukarar endrar våre vaner og vår livsstil, sjølv om det og er viktig. Større samfunnsendringar må til, og du kan spele ei viktig rolle i denne samfunnsendringa gjennom politisk engasjement, for eksempel i eit parti eller ein organisasjon.

Dei gode, varige løysningane er som regel eit resultat av kunnskap, samarbeid og målretta organisering. Ver ein aktiv medborgar! Bli med å nå berekraftsmåla!

For spørsmål om berekraftsmåla, ta kontakt med: