Vel mål
-
Mål 1: Utrydde fattigdom
Utrydde alle former for fattigdom i heile verda
Mer om mål 1 -
Mål 2: Utrydde svolt
Utrydde svolt, oppnå mattryggleik og betre ernæring, og fremje berekraftig landbruk
Mer om mål 2 -
Mål 3: God helse og livskvalitet
Sikre god helse og fremje livskvalitet for alle, uansett alder
Mer om mål 3 -
Mål 4: God utdanning
Sikre inkluderande, rettferdig og god utdanning og fremje moglegheiter for livslang læring for alle
Mer om mål 4 -
Mål 5: Likestilling mellom kjønna
Oppnå likestilling og styrkje stillinga for jenter og kvinner i samfunnet
Mer om mål 5 -
Mål 6: Reint vatn og gode sanitærforhold
Sikre berekraftig vassforvaltning og tilgang til vatn og gode sanitærforhold for alle
Mer om mål 6 -
Mål 7: Rein energi til alle
Sikre tilgang til påliteleg, berekraftig og moderne energi til ein overkomeleg pris
Mer om mål 7 -
Mål 8: Anstendig arbeid og økonomisk vekst
Fremje varig, inkluderande og berekraftig økonomisk vekst, full sysselsetjing og anstendig arbeid for alle
Mer om mål 8 -
Mål 9: Industri, innovasjon og infrastruktur
Byggje solid infrastruktur og fremje inkluderande og berekraftig industrialisering og innovasjon
Mer om mål 9 -
Mål 10: Mindre ulikskap
Redusere ulikskap i og mellom land
Mer om mål 10 -
Mål 11: Berekraftige byar og lokalsamfunn
Gjere byar og lokalsamfunn inkluderande, trygge, robuste og berekraftige
Mer om mål 11 -
Mål 12: Ansvarleg forbruk og produksjon
Sikre berekraftige forbruks- og produksjonsmønster
Mer om mål 12 -
Mål 13: Stoppe klimaendringane
Handle omgåande for å motarbeide klimaendringane og konsekvensane av dei (Basert på ei erkjenning av at FNs rammekonvensjon om klimaendring er det viktigaste internasjonale og mellomstatlege forumet for forhandlingar om globale tiltak mot klimaendringar.)
Mer om mål 13 -
Mål 14: Livet i havet
Bevare og bruke hav og marine ressursar på ein måte som fremjar berekraftig utvikling
Mer om mål 14 -
Mål 15: Livet på land
Verne, tilbakeføre og fremje berekraftig bruk av økosystem, sikre berekraftig skogforvaltning, motverke ørkenspreiing, stanse og reversere landforringing og stanse tap av artsmangfald
Mer om mål 15 -
Mål 16: Fred, rettferd og velfungerande institusjonar
Fremje fredelege og inkluderande samfunn for å sikre berekraftig utvikling, sørgje for tilgang til rettsvern for alle og byggje velfungerande, ansvarlege og inkluderande institusjonar på alle nivå
Mer om mål 16 -
Mål 17: Samarbeid for å nå måla
Styrkje verkemidla som trengst for å gjennomføre arbeidet, og fornye globale partnarskap for berekraftig utvikling
Mer om mål 17
Kva er FNs berekraftsmål?
FNs berekraftsmål er verdas felles arbeidsplan for å utrydde fattigdom, kjempe mot ulikskap og stoppe klimaendringane innan 2030.
FNs berekraftsmål består av 17 mål og 169 delmål. Måla skal fungere som ei felles global retning for land, næringsliv og sivilsamfunn.
Måla blei laga på ein demokratisk måte gjennom innspel frå land over heile verda, og nesten ti millionar menneske fekk sagt si meining gjennom ei spørjeundersøking.
Forut for berekraftsmåla førte tusenårsmåla (2000-2015) til stor framgang på område som utdanning og helse, men har og blitt kritisert for kun å adressere symptoma på fattigdom. Berekraftsmåla skal gjere noko med årsakene til fattigdom, ulikskap og klimaendringar.
Eit av hovedprinsippa i berekraftsmåla er at ingen skal bli utelatne. Dei mest sårbare menneska må derfor bli prioriterert. Eksempel på ekskluderte grupper er menneske med nedsett funksjonsevne, flyktningar, etniske og religiøse minoritetar, jenter og urfolk.
Undervisningsopplegg om berekraftig utvikling
Vi ønsker ei heilskapleg undervisning for berekraftig utvikling, som både viser det globale samspelet mellom sosiale, økonomiske og miljømessige forhold og korleis verdas utfordringar heng saman.
Norge og berekraftsmåla
FNs berekraftsmål gjeld alle land i heile verda, både rike og fattige. Måla har stor innverknad på norsk politikk – både i kommunar og lokalsamfunn og nasjonalt. Kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik har ansvaret for koordinering av regjeringas arbeid med FNs berekraftsmål.
Sjølv om mange av måla allereie er oppfylt i Norge, står det att mykje arbeid og her heime. SSBs globale indikatorer for Berekraftsmåla og Berekraftsmålrapporten viser at vi har store utfordringar med å oppnå fleire av måla. Måla Norge ligg dårlegast an til å nå, er berekraftsmål 2 «Utrydde svolt», 12 «Ansvarleg forbruk og produksjon», 13 «Stoppe klimaendringane» og 15 «Livet på land».
Eit av problema er at Norge ofte prioriterer å utnytte naturens ressursar, framfor å verne økosystema og naturmangfaldet (berekraftsmål 15). I tillegg eksporterer vi mykje olje og gass (berekraftsmål 13), kaster mykje elektronisk utstyr (berekraftsmål 12) og et mykje kjøtt, noko som gjer høge metangassutslepp (berekraftsmål 2).
Regjeringa la fram ein nasjonal handlingsplan for måla i juni 2021, og Stortinget vedtok planen 5. april 2022.
Rapportering til FN om Norges oppfølging av berekraftsmåla
Alle land kan rapportere frivillig til FN om korleis dei jobbar med måla, og kor langt dei har kome. Norge har levert sin andre rapport til FN. Rapporten blei presentert av regjeringa på FNs høynivåforum for oppfølging av berekraftsmåla (HLPF) 14. juli 2021.
Andre sentrale rapporter
- FNs berekraftsmålrapport for 2024 (på engelsk) (The Sustainable Development Goals Report, special edition)
- Berekraftsmålrapporten om Norge (på engelsk) (The Sustainable Development Report 2024)
- Innspill til samstemthet gjennom nasjonal handlingsplan for bærekraftsmålene (Forum for utvikling og miljø 2019)
- Statistisk sentralbyrås statistikk om Norges arbeid med å nå FNs bærekraftsmål