Utdanning er ein grunnleggjande menneskerett. I dag går nesten alle barn og unge i Norge på skulen, og i verda går veldig mange fleire på skule enn for berre få tiår sidan. Før 2020 gjekk ni av ti barn på skulen, men koronapandemien blei øydeleggjande og fleire unge mista utdanningstilbodet.
Til trass for dette, kan framleis 763 millionar menneske i verda framleis ikkje lese eller skrive. To tredelar av desse er kvinner. Inkluderande opplæring av god kvalitet for alle, er ein av dei viktigaste byggjesteinane for velstand, helse og likeverd i alle samfunn.
Kjelde: UNESCOs side om leseferdighet
Klikk på eit delmål for å lese meir om det under
-
Delmål 4.1)
Innan 2030 sikre at alle jenter og gutar fullfører gratis og likeverdig grunnskule og vidaregåande opplæring av høg kvalitet som kan gje dei eit relevant og reelt læringsutbyte
-
Delmål 4.2)
Innan 2030 sikre alle jenter og gutar høve til god og tidleg utvikling og omsorg og tilgang til førskule, slik at dei er førebudde på å begynne i grunnskulen
-
Delmål 4.3)
Innan 2030 sikre kvinner og menn lik tilgang til god teknisk og yrkesfagleg opplæring og høgare utdanning, inkludert universitetsutdanning, til ein overkomeleg pris
-
Delmål 4.4)
Innan 2030 oppnå ein vesentleg auke i talet på unge og vaksne som har kompetanse, mellom anna i tekniske fag og yrkesfag, som er relevant for sysselsetjing, anstendig arbeid og entreprenørskap
-
Delmål 4.5)
Innan 2030 avskaffe kjønnsskilnader i utdanning og opplæring og sikre lik tilgang til alle nivå innanfor utdanning og yrkesfagleg opplæring for sårbare grupper, inkludert personar med nedsett funksjonsevne, urfolk og barn i utsette situasjonar
-
Delmål 4.6)
Innan 2030 sikre at all ungdom og ein vesentleg prosentdel av vaksne, både kvinner og menn, lærer å lese, skrive og rekne
-
Delmål 4.7)
Innan 2030 sikre at alle elevar og studentar tileignar seg den kompetansen som er nødvendig for å fremje berekraftig utvikling, mellom anna gjennom utdanning i berekraftig utvikling og livsstil, menneskerettar, likestilling, fremjing av freds- og ikkjevaldskultur, globalt borgarskap og verdsetjing av kulturelt mangfald og det bidraget kulturen gjev til berekraftig utvikling
-
Delmål 4.a)
Etablere og oppgradere utdanningstilbod som er barnevenlege, og som tek omsyn til kjønnsskilnader og til personar med nedsett funksjonsevne og sikrar trygge, ikkje-valdelege, inkluderande og effektive læringsmiljø for alle
-
Delmål 4.b)
Innan 2020 oppnå ein vesentleg auke globalt i talet på stipend som er tilgjengelege for studentar frå utviklingsland, særleg dei minst utvikla landa, små utviklingsøystatar og afrikanske land, for å gje dei tilgang til høgare utdanning, mellom anna yrkesfagleg opplæring og program for informasjons- og kommunikasjonsteknologi, teknikk, ingeniørfag og vitskap, både i andre utviklingsland og i utvikla land
-
Delmål 4.c)
Innan 2030 oppnå ein vesentleg auke i talet på kvalifiserte lærarar, mellom anna gjennom internasjonalt samarbeid om lærarutdanning i utviklingsland, særleg i dei minst utvikla landa og i små utviklingsøystatar
Utdanning er nøkkelen til utvikling, og opnar ei verd av moglegheiter som gjer at kvar enkelt av oss kan bidra til eit berekraftig samfunn. Mål 4 omhandlar ikkje berre retten til skulegang, men og at ein får gode lærarar og kvalitet i undervisninga – heile vegen frå barneskulen til universitetet.
Korleis ligg verda an?
Det er fleire barn og unge som får utdanning no enn tidlegare, men det går for sakte, og utan nye tiltak vil ikkje alle unge og barn få god utdanning innan 2030, som er målet.
Det har blitt betre også frå 2015 til i dag:
- 87 prosent av barn fullfører grunnskulen i verda. I 2015 var det 85 prosent som fullførte.
- 77 prosent av unge fullfører ungdomsskulen i verda. I 2015 var det 74 prosent som fullførte.
- 58 prosent av unge fullfører vidaregåande skule i verda. I 2015 var det 53 prosent som fullførte.
I dei tre tiåra før 2015, og spesielt før pandemien i 2020, var det ei enorm auking i andelen barn i verda som gjekk på skule. Framgangen var særleg stor når det gjeldt jenter og kvinner. Men allereie før pandemien braut ut, gjekk framgangen innan god utdanning for sakte til at verda ville ha greidd å oppnå mål 4 innan 2030. Koronapandemien frå 2020 førte til at mange land stengde skulane og gjorde at fleire barn ikkje lærte å lese. Pandemien og tiltaka, som nedstenging av skular, førte til læringstap i fire av fem av dei 104 landa som blei studert.
To av tre av dei som ikkje kan lese er kvinner. Før i tida var det fleire guttar enn jenter som fekk utdanning. Det er nokre område som stansar kvinner si moglegheit til høgare utdanning, som i Afghanistan, men globalt er det no fleire jenter enn gutar som får utdanning.
Det er store skilnader mellom ulike delar av verda. I største delen av verda fullfører om lag 90 prosent av barn grunnskulen, men i Afrika sør for Sahara er det færre enn to av tre barn som fullfører. Der er det mange barn som startar på skulen, men må avslutte tidleg. I fattige område kan prisen på bøker, skuleuniformer eller andre kostnader som barna må hjelpe familien med, stanse moglegheita til å fullføre utdanninga.
Kjelde: FNs bærekraftsrapport 2023
Kva gjer Norge?
Kva gjer Norge bra?
Norge har eit relativt godt utdanningssystem, som gjer alle barn lik rett på tilgang til gratis skulegang. Vi har også gode stipend- og finansieringsordningar gjennom Lånekassen, som gjer høgare utdanning enklare tilgjengelig for alle.
Ca. fire av fem barn som avslutta grunnskulen i 2018 oppnådde grunnleggjande kompetanse i lesing og rekning.
Ei utfordring med desse tala, er at dei er frå tida før pandemien. Det kan dermed vere større endringar no.
Delmål 4.2 handlar om at jenter og gutar skal ha moglegheit for god og tidleg utvikling og omsorg, og tilgang til førskule, slik at dei er førebudde på å begynne i grunnskulen. Dei siste tala viser at 97 prosent av barna som skal starte grunnskulen året etter, er på organisert utdanning.
Kjelde: Statistisk sentralbyrås side for bærekraftsmål 4
Kva gjer Norge ikkje så bra?
Sjølv om berekraftig utvikling (delmål 4.7) har blitt ein viktig del av fagfornyinga og den nye læreplanen i skulen, manglar framleis lærarutdanninga ei tilpassa opplæring i korleis ein underviser i berekraftig utvikling.
Det er store kjønnsforskjellar på høgare og yrkesfagleg utdanning i Norge. 45,9 prosent av kvinner i alderen 19-24 år deltek i høgare utdanning, men berre 29,4 prosent av menn gjer det same. 21,4 prosent av menn i alderen 15-24 år tar teknisk eller yrkesfagleg utdanning, men berre 13,2 prosent av kvinner gjer det same.
Kjelde: Statistisk sentralbyrås side for bærekraftsmål 4
Elevar i Norge har for dårlege prestasjonar i realfag, ifølgje den internasjonale rapporten om berekraftsmåla.
Det har blitt meir kunstig intelligens (KI) i samfunnet. Fleire meiner at Norge er på etterskott, og ynskjer klarare retningsliner i skulen.
Kva gjer Norge internasjonalt?
Norge gjer mindre bistand til utdanning enn tidlegare, men gjer meir i bistand enn mange andre land gjer. Norske myndigheiter har også støtta program som betrar desse landa sine skattesystem, slik at dei enklare kan finansiere sine egine skular.
Norge jobbar for å beskytte barn og unge si rett til å få utdanning, også i konfliktsoner. Då Norge hadde plass i Sikkerhetsrådet, blei det einstemmig vedteke å styrke beskyttelsen av utdanning. Resolusjonen som blei vedteke i oktober 2011 fordømer angrep på skular, barn og lærarar, i tillegg til å oppfordre FNs medlemsland til å ta aktive grep for å sikre retten til utdanning og beskytte utdanningsinstitusjonar.
Kjelde: Utdanning er en menneskerett uansett
Norske universitet deltek i ei rekke utvekslingsprogram for studentar, saman med universitet verda over. Det var tidlegare gratis å studere i Norge for alle, men frå haustsemesteret 2023 må studentar frå land utanfor EØS og Sveits betale. Det er unntak for flyktningar, og for studentar på utveksling som har avtalar om gratis studieplass, og det har blitt oppretta ei stipendordning for utenlandsstudentar.
Kva kan du gjere?
Sprei kunnskap
I mange land blir unge jenter tvungne til å forlate skulen for å gifte seg. Framhev problemet – start ein diskusjon om barneekteskap med mål om å finne løysningar på problemet.
Ver leksehjelp
Det finnes fleire organisasjonar som tilbyr leksehjelp for barn som treng det. Mange unge flyktningar treng og hjelp med norsk språk og nokon å snakke med. Røde Kors og Norsk Folkehjelp er nokre av organisasjonane som legg til rette for slike aktivitetar. Søk opp kva som finst i ditt nærområde av språk-kafeer og ordningar for leksehjelp.
Organiser deg
Å omstille samfunnet vårt til å bli berekraftig krev større endringar enn at du og eg som forbrukarar endrar våre vaner og vår livsstil, sjølv om det og er viktig. Større samfunnsendringar må til, og du kan spele ei viktig rolle i denne samfunnsendringa gjennom politisk engasjement, for eksempel i eit parti eller ein organisasjon.
Dei gode, varige løysningane er som regel eit resultat av kunnskap, samarbeid og målretta organisering. Ver ein aktiv medborgar! Bli med å nå berekraftsmåla!